Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka handlar om fiskarane ved Sunnmørskysten som kjempa for livet på fiske i opne båtar, og etter kvart i meir avansert farty. Forfattaren fortel og historia til fyrvaktarane, bergingsmennene og losane, ferdamannen, forskaren og lystseglaren. I tillegg handlar boka om sjøfolk og handelsmenn på veg til kystar utanlands, til dømes mannskapet om bord i Ost-India-fararen, Akerendam som forliste i 1725. Har litteraturliste og register.
Omtale fra forlaget
Sunnmørskysten har til alle tider vore ei farleg og lunefull kyststrekning. I boka har Ole M. Ellefsen samla historier frå denne kyststrekninga, både djupt tragiske hendingar og historier om godt sjømannskap, mannsmot og handlekraft i kamp mot naturkreftene. For sjølv om teknologien har blitt betre, med sjømerking, vervarsling, større og betre båtar, handlar det framleis om å kunne sjømannskap og om å våge livet for å berge andre. Ole M. Ellefsen er leiar ved Aalesund museum og redaktør for Årbok for Sunnmøre historielag.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2006
Format Innbundet
ISBN13 9788252167894
EAN 9788252167894
Omtalt tid 1900-tallet 1800-tallet 1700-tallet
Omtalt sted Møre og Romsdal
Språk Nynorsk
Sider 160
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket