Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Petra hatar å lesa. Når det blir hennar tur til å lesa høgt får ho vondt i magen. Ho tenkjer i bilete og ikkje med bokstavar. Men ein dag kjem Multi på besøk. Multi er ein veldig liten mann med eit stort smil inne i eit stort grått skjegg. Han tek henne med til eit magisk klasserom. Boka er tilrettelagd med enkel tekst.
Omtale fra forlaget
I Fantasiblikket møter me Petra som tenkjer i bilete og ikkje med bokstavar. Ho hatar å lesa og mistrivst i klasserommet. Ein dag kjem den mystiske Multi rett inn gjennom vindauget hennar og fortel at han reiser rundt og lærer folk å lesa. Kan han hjelpa Petra? Me ser at Petra kan bruke tenkemåten sin til andre ting enn å lesa, men får også sjå kva som skjer i det magiske klasserommet som Multi lagar. Forfattaren Helge Torvund er psykolog og har tidlegare skrive om arbeidet sitt med barn med ulike vanskar. Han er mest kjend som poet og diktlærar for Dagbladet.no, men har skrive fleire illustrerte barnebøker.
Forlag Wigestrand
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788281400429
EAN 9788281400429
Genre Fantastisk litteratur
Språk Nynorsk
Sider 83
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Ordknappen 2008
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket