Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Konrad er 9 år da mora hans dør en vinternatt i 1902. Far, Konrad og småsøskene hans må nå klare seg selv. Som den eldste i søskenflokken må han tidlig ut i arbeid, og 16-år gammel er Konrad på vei til Odda for å be om arbeid på den nye fabrikken. Hoveddelen av romanen skildrer karakterer, miljø og hendelser i Odda fra 1940 til 1946.
Omtale fra forlaget
Vi er tidleg på 1900-talet. Ei fredeleg turistbygd innerst i ein vestlandsfjord blir i løpet av kort tid omskapt til ein travel industristad. På fjellgarden Løyning nokre mil sør for bygda opplever niåringen Konrad sitt livs mareritt då mor døyr ifrå han og dei yngre søskena hans. Få år seinare går han som sekstenåring nedover i dalen, på veg for å be om arbeid på den nye fabrikken. Vi skriv 1909, anleggsarbeidet i den vesle bygda har gått for fullt i to år, og no har fabrikken starta opp. Konrad Løyning er på veg til det nye livet sitt. Vi følgjer Konrad glimtvis gjennom 20- og 30-åra, ein periode prega av einsemd og kortvarig lykke, arbeidsløyse og enkelte heldige innhopp på fabrikken. Hovudhandlinga i Fabrikken startar samstundes med det tyske militære overfallet i april 1940, og strekkjer seg over åra 1940 til 1946. Lesaren møter ei gruppe arbeidarar ved smelteverket og familiane deira. Vi følgjer lossearbeidarane i slitet og regnet nede i lasterommet og på importkaien, og vi er med tapparane i den utmattande kampen deira med karbidovnen i varmen og støvet i smeltehuset. Fabrikken er ein roman om det daglege slitet, om alkoholen og håpet, vennskap og svik, om sladder og sjalusi, sanning og løgn. www.fiksjonsforlaget.no/
Forlag Fiksjonsforl.
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788299784108
EAN 9788299784108
Omtalt tid 1900-tallet
Omtalt sted Hordaland
Språk Nynorsk
Sider 368
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket