Omtale fra forlaget
Praksisnær innføringsbok i etikk for sjukepleie.
I boka tar forfattaren studentane med inn i klinisk sjukepleie og viser korleis etisk sensitivitet alltid må vere til stades i pasientbehandling. Forfattaren tar for seg typiske etiske utfordringar ein kan møte som sjukepleiar, for eksempel utfordringar knytt til autonomi og tvang, teieplikt, abort og avslutning av livsforlengande behandling. Ho viser korleis overordna verdiar kan kollidere i slike situasjonar, og korleis ein gjennom systematisk arbeid med etisk refleksjon kan bli tryggare i dei vala ein må ta.
Etiske teoriar og etiske refleksjonsmodellar blir gjennomgått, og forfattaren viser korleis dei kan hjelpe oss å sortere tankar og argument når vi står overfor vanskelege etiske problem. Det blir også gjort greie for korleis kliniske etikk-komitear og etikkråd arbeider, og mot slutten av boka blir yrkesetiske retningslinjer, teieplikta og opplysningsplikta presentert og drøfta.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788252193312
EAN 9788252193312
Språk Nynorsk
Sider 144
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket