Omtale fra forlaget
En kort introduksjon til husmannsvesenet er den første samla vitskaplege framstillinga om husmannen og hans kår på 100 år. Lydboka nyanserer det generelle biletet og oppfatningane av husmannsvesenet. Midt på 1800-talet utgjorde husmennene den nest største samfunnsgruppa i landet. Dei økonomiske levekåra og livsvilkåra deira varierte mykje. Nils Olav Østrem riv seg laus frå dei sterkt forenklande kategoriane som blei skapte for hundre år sidan, og gir i denne boka ei ny og meir mangfaldig tolking. Husmannen var underordna gardbrukarane og jordeigarane. Som leigar av jord var han prisgitt bondepaternalisme, embetskontroll og tidvis fattighjelp. Husmannsfolk greidde likevel å arbeida seg fram som moderne menneske med kjernefamilie, gründerskap og innovasjon som delar av deira verdigrunnlag. Gjennom flittig arbeid og spesialisering på og utanfor husmannsplassane vann husmennene seg rom og integrering i lokaløkonomien. Plass-systemet forsvann ganske umerkeleg ved at det «overlevde» gjennom overgangar til småbruk, bureising og mangearta jordbruksdrift på 1900-talet. Først med vedvarande strukturrasjonalisering innan landbruket etter 1950 står ein i våre dagar innføre valet om heilt å forlata kombinasjonsbruket og dei mange syslane og verksemdene husmannsvesenet representerte.
Forlag Cappelen Damm akademisk
Utgivelsesår 2022
Format Lydfil
ISBN13 9788202785611
EAN 9788202785611
Serie En kort introduksjon
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket