Omtale fra forlaget
Gi barna lese- og skriveglede ved skolestart!
Gjennom fellesopplevingar av tekstar, illustrasjonar, song og musikk får barna
ferdigheiter i å lese, skrive, lytte og snakke. Elle Melle Snipp Snapp har ein
gjennomtenkt, trygg og rask progresjon, der to nye bokstavar blir introdusert
kvar veke. Elle Melle Snipp Snapp bruker varierte metodar for å femne
flest mogeleg, og lese- og skriveopplæringa går føre seg med både store og små bokstavar. Gjennom bruk av morosame illustrasjonar og songar stimulerer Elle Melle Snipp Snapp kreativiteten til barna.
I Lese- og skrivestart 1A jobbar vi med heile alfabetet. Kvar bokstav har
opptil fire arbeidssider med same struktur og progresjon. Vi startar med
å kjenne att og lese bokstaven. Deretter teiknar vi til han og, dersom vi kan,
skriv vi om han. Vidare følgjer det øvingar i motorikk, sporing av bokstaven og
utlytting av lydar. Vi øver stavingar, ordpar og rimord, fargelegg,
går i labyrintar og løyser kryssord. Bokstavsidene avsluttast med en litt ekstra
utfordrande oppgåve.
Elle Melle for 1. trinn består av:
Elle Melle ABC
Elle Melle Songkalender 1 (storformat)
Elle Melle Lese- og skrivestart 1A
Elle Melle Lese- og skrivestart 1B
Elle Melle Snipp Snapp Lese- og skrivestart 1A
Elle Melle Snipp Snapp Lese- og skrivestart 1B
Elle Melle leselekser (digital)
Elle Melle CD 1
Elle Melle Bokstavplansjar
Elle Melle Lærarrettleiing
Elle Melle Perm med kopioriginalar
Elle Melle Nettsider
På nettsidene finn du d-bøker. Elle Melle finst også for 2., 3. og 4. trinn.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2017
Format Heftet
ISBN13 9788211024862
EAN 9788211024862
Språk Nynorsk
Sider 103
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket