Omtale fra forlaget
Gjennom fellesopplevingar av tekstar, illustrasjonar, song og musikk får barna ferdigheiter i å lese, skrive, lytte og snakke. Elle Melle Snipp Snapp har ein gjennomtenkt, trygg og rask progresjon, der to nye bokstavar blir introdusert kvar veke. Elle Melle Snipp Snapp bruker varierte metodar for å femne flest mogeleg, og lese- og skriveopplæringa går føre seg med både store og små bokstavar. Gjennom bruk av morosame illustrasjonar og songar stimulerer Elle Melle Snipp Snapp kreativiteten til barna. I Lese- og skrivestart 1A jobbar vi med heile alfabetet. Kvar bokstav har opptil fire arbeidssider med same struktur og progresjon. Vi startar med å kjenne att og lese bokstaven. Deretter teiknar vi til han og, dersom vi kan, skriv vi om han. Vidare følgjer det øvingar i motorikk, sporing av bokstaven og utlytting av lydar. Vi øver stavingar, ordpar og rimord, fargelegg, går i labyrintar og løyser kryssord. Bokstavsidene avsluttast med en litt ekstra utfordrande oppgåve. Elle Melle Snipp Snapp Lese- og skrivestart 1A NYN, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett. Elle Melle Snipp Snapp Lese- og skrivestart 1A NYN, d-bok har følgjande funksjonalitet: - Utheving og notatar - Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett - Lagre og skrive ut uthevingar og notat - Favorittmerke sider - Søkje etter ord eller frasar Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2017
Format Digital ressurs
ISBN13 9788211027931
EAN 9788211027931
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket