Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boken er også egnet til selvstudium og andre innføringskurs i regnskapslære. Den har arbeidsoppgaver til hvert kapittel og stikkordregister.
Omtale fra forlaget
Eksternrekneskap 1 dekkjer læreplanen i faget eksternrekneskap 1 VK1, studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag. Læreboka gir ei lettfatteleg, men grundig innføring i vedleggsføring og rekneskapsavslutting. Framstillinga og kontobruken er tilpassa edb-rekneskapen. Kvart kapittel inneheld varierte arbeidsoppgåver, som gjev høve til differensiering, og elevane får sjølve vere med i læreprosessen gjennom styrte eigenaktivitetar. Læreverket kan også nyttast i andre innføringskurs i rekneskapslære og høver særleg godt der elevane samtidig skal lære edb-rekneskap. I tillegg til læreboka består læreverket av: ? Arbeidsbok til Eksternrekneskap 1, som inneheld oppgåver og eigenaktivitetar. Det er utarbeidd løysingsforslag til eigenaktivitetane. Elevane kan referere til desse løysingsforslaga når dei løyser seinare oppgåver. ? Lærarrettleiing til Eksternrekneskap 1. Her finn læraren løysingsforslag til resten av oppgåvene i arbeidsboka. Lærarrettleiinga inneheld også ekstraoppgåver, som kan nyttast ved prøver eller til andre formål, og i tillegg eit rikt utval av transparentmalar til bruk i undervisninga. Forfattarane foreslår tidsplan og gir andre tips. ? Vedleggsmappe til Eksternrekneskap 1. I tillegg til vedlegga er det med eit avsnitt om korleis ein arbeider i eit integrert økonomisystem. Framstillinga er uavhengig av programvare. Ho er likevel så konkret at ho gir god hjelp i arbeidet med edb-rekneskapen. Svein Ellingbø er siviløkonom frå Norges Handelshøyskole. Han har undervist i mange år i den vidaregåande skolen og ved vaksenopplæringa. Han har også lang erfaring med å leggje til rette undervisninga i økonomifag for elevar som på grunn av handikap må arbeide direkte mot pc. Svein Persen er hovudlærar i økonomi ved Bergen Handelsgymnasium. Han er utdanna cand.oecon frå Universitetet i Oslo og har lang undervisningspraksis frå mellom anna vidaregåande skole og Norges Handelshøyskoles Kursvirksomhet (NHHK).
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 1997
Format Heftet
ISBN13 9788276743241
EAN 9788276743241
Språk Nynorsk
Sider 314
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket