Omtale fra forlaget
Einar Seim (1885-1978) frå Kinn i Sunnfjord er kalla «Noregs lærdaste bonde» både av pressefolk og professorar. Han var ein mann med uvanleg mange interesser og store kunnskapar. Mellom anna samla han nær 20 000 norske ordtak, og han omsette Koranen til nynorsk.
I 1934, 1938 og 1949 reiste han til Shetland for å samle gamle norn-ord, stadnamn og folkeminne. Lengste tida brukte han på Foula, den mest isolerte øya på Shetland, der han fann mange ord etter det gamle norrøne språket og minne som tydeleg viser slektskapen mellom Noreg og Shetland. Etter kvar reise laga han ein stor handskriven protokoll med reiseskildringar og eigne foto.
Denne boka inneheld Einar Seim sine skildringar og bilete frå "det gamle" Shetland. Lesaren får eit eineståande innsyn i den gamle levemåten og kulturen som framleis var høgst levande då Seim var der. Boka inneheld også ein biografi om Einar Seim. Boka er rikt illustrert, i stor grad med Einar Seim sine eigne bilete frå Shetland.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788282401036
EAN 9788282401036
Omtalt person Einar Seim
Språk Nynorsk
Sider 192
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket