Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka tek for seg folkemusikkterminologi i norske dialektar, med vekt på tradisjonen knytt til fela og hardingfela. Somme andre instrument, som trekkspel og langeleik, blir også behandla. Vi får mellom anna høre om nemningar på instrument og delar av instrument, for spelemann og det å spela, for slått og delar av slått, og for speltekniske detaljar. Har litteraturliste og stikkordregister.
Omtale fra forlaget
Tittelen Ein repetis i obligadur syner litt av det norske spelemannsspråket. Ein repetis er eit avsnitt i ein slått (det som blir repetert), medan å spela i obligadur vil seie å spela i posisjon på fela. Dette er ei omforming av tysk Applikatur.Denne boka tek for seg folkemusikkteminologi i norske dialektar, med vekt på tradisjonen knytt til fela og hardingfela. Også somme andre instrument, som trekkspel og langeleik, blir behandla. Vi får mellom anna høre om nemningar på instrument og delar av instrument, for spelemann og det å spela, for slått og delar av slått, og for speltekniske detaljar.Arbeidet er primært ei ordgeografisk kartlegging. Utbreiingsmønstra blir sett i eit vidare historisk og kulturelt perspektiv, og grensene blir jamført med andre språklege og kulturelle grenser. Dei mest interessante nemningane får ein meir utførleg etymologisk og semantisk analyse.Boka er ein omarbeidd versjon av forfattaren si dr.art.-avhandling frå 1995.
Forlag Novus
Utgivelsesår 2001
Format Heftet
ISBN13 9788270993277
EAN 9788270993277
Språk Nynorsk
Sider 379
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket