Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka følgjer Talle-slekta frå bygda Luster i Sogn og Fjordane i tre generasjonar og deira kontakt med utvandra familie i Amerika, frå midten av 1800-talet og fram til fyrste del av 1900-talet. I tillegg får vi høyre om kva som skjer med landet og med samfunnet rundt dei i desse åra.
Omtale fra forlaget
Historia som her vert fortald, gjev innsyn på fl eire nivå i utviklinga av den norske staten som vart til i 1814. Denne delen av norsk soge er spesiell av di nordmenn då laut visa kva det var å vera norsk på alle område. Og ser du på kva dei gjorde, så ser du ein formidabel og målretta innsats. Seinare utviking i landet er sjølvsagt òg viktig, men denne er likevel noko for seg sjølv. Paralelt med denne utviklinga skal me følgje ein familie i tre generasjonar og deira kontakt med utvandra familie i Amerika. Hovudmannen her og soga hans syner klart kva sjangsar dette nye Noreg gav ein initiativrik mann. Me blir kjend med dei frå midten av 1800-talet og fram til fyrste del av 1900-tal. Men dei fortel ikkje berre om seg sjølv. Me får høyra kva som skjer med landet og med samfunnet rundt dei i desse åra. Heile samfunnet er i omvelting. Store, vanskelge og spanande hendingar skapar eit nytt Noreg. Vandringa frå gard og gamalt bygdesamfunn til nytt liv og nye yrke, nytt tilvære gjer dei ikkje åleine. Mange folk vandrar ut av landet, andre drar til byane. Historia dei fortel om seg sjølv, er eigentleg landet si historie. Eit nytt Noreg veks fram.
Forlag Kolofon
Utgivelsesår 2007
Format Heftet
ISBN13 9788230003121
EAN 9788230003121
Omtalt tid 1900-1945 1800-tallet
Omtalt sted Vestlandet
Språk Nynorsk
Sider 168
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket