Omtale fra forlaget
Den storstilte utvinninga av brynestein i Noreg var tett samanvoven med den samfunnsøkonomiske utviklinga, både regionalt og nasjonalt. I yngre jernalder, og særleg i vikingtida (ca. 800-1030 e.Kr.), blei regional spesialisering, overskotsproduksjon og handel stadig meir utbreidd.
Dei seinare åra har ein fått større forståing for kva innlandet og utmarksressursane hadde å seie for utviklinga som leidde fram til vikingtida, og seinare til framveksten av det nasjonale kongedømet. Utan jern, tjøre, brynestein, ull, horn, skinn og pelsverk ville ein ikkje hatt føresetnader for oversjøisk handel, hegemoni på havet eller militær makt.
Difor baud Vest-Telemark Museum, Vestfold og Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark inn til det fyrste Eidsborgseminaret i 2021. Seminaret tok føre seg vikingtid og tidleg mellomalder i Eidsborg og Vest-Telemark. Målet var å få betre oversikt over kva ein veit, og vidare avdekkje kvar ein bør setje inn den vidare forskingsinnsatsen. Artiklane i denne boka tek føre seg og vidareutviklar viktige tema frå seminaret.
Forlag Museumsforlaget
Utgivelsesår 2022
Format Heftet
ISBN13 9788283051377
EAN 9788283051377
Serie Vikingvegen (1)
Omtalt tid Middelalderen Vikingtiden
Omtalt sted Tokke
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 179
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket