Omtale fra forlaget
Denne artikkelsamlinga er resultatet av det andre Eidsborgseminaret, som gjekk av stabelen i oktober 2022. Framleis er det eidsborgbryne som er utgangspunktet, men også andre handelsvarer frå øvre Telemark vert trekte inn for å gje ein større kontekst og fylle ut biletet. Dette andre seminaret tek oss også fram til mellomalder og tidleg nytid.
Kva rolle spela utmarksressursane for øvre Telemark, og korleis påverka dei regionen når det gjeld handelsvegar, maktsenter og styresmakter? Dette er framleis hovudspørsmålet, men med fleire historiske kjelder kan ein teikne eit tydelegare bilete, og me kan få ei betre forståing av kva personar og motivasjonar som står bak.
Eidsborgseminaret vert arrangert av Vest-Telemark Museum, Vestfold og Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark. Det er del av satsinga Vikingvegen, som har som mål å lyfte fram historia langsetter leia frå Hardangervidda til gravhaugane i Borre.
Bjørn Bandlien er professor i eldre historie ved Universitetet i Søraust-Noreg. Bandlien har skrive ei rekkje artiklar og bøker om vikingtida og mellomalderen. Han har særleg forska på kulturhistorie og sambanda mellom lokalsamfunna i Noreg og europeiske og globale nettverk.
Dag Rorgemoen er direktør ved Vest-Telemark Museum. Han har gjennom virket sitt arbeidd med mange sider av historia til regionen, også med eidsborgbryne. Dette har han fyrst og fremst gjort gjennom utstillingsarbeid, formidling og føredrag, men også gjennom støtte til arkeologar og geologar. Interessa for denne historia er stor, og det er behov for å auke kunnskapen om denne innlandsressursen og den rolla øvre Telemark har spela.
Forlag Museumsforlaget
Utgivelsesår 2023
Format Innbundet
ISBN13 9788283051506
EAN 9788283051506
Serie Vikingvegen (2)
Omtalt tid Middelalderen 1700-tallet 1600-tallet
Omtalt sted Telemark
Sider 197
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket