Edvard Masoni

ein samisk misjonær i kolonialismens tidsalder

av (forfatter) og Lovisa Mienna Sjöberg (forfatter).

Pax 2023 E-bok

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Edvard Masoni vart fødd i husmannsgrenda Rasta i Rana på Helgeland i 1870. Han voks opp i djup fattigdom og som same høyrde han til eit folk med låg status både i lokalmiljøet og i det norske storsamfunnet. Det som likevel skilde Edvard Masoni frå dei fleste andre samar på denne tida, var at han etter kvart tok to lange akademiske utdanningar. Han studerte teologi ved misjonsskulen i Stavanger, og medisin i USA. Medisinutdanninga brukte han til å praktisera som lege på den kinesiske landsbygda frå 1912 og fram til slutten av 1920-talet.

Masoni drog for første gong til Kina for å driva misjon i 1898. To år etter at han kom til landet braut det ut store opptøyar som inneheldt sterke antivestlege stemningar, boksaropprøret. Mange misjonærar vart drepne. Alle misjonærane frå Noreg med unntak av Masoni reiste då heim. Masoni vart fanga av opprørarar og dømt til døden, men klarte på mirakuløst vis å berga livet. Om boksaropprøret skreiv han at det var den vestlege kolonialismen som hadde skulda, noko anna kunne ikkje Vesten venta seg med tanke på korleis europeiske styresmakter fòr fram i Asia.

Historia om Edvard Masoni er ein viktig del av samisk historie. Saman med nokre få andre kjempa han hardt for politiske idear som femti år seinare vart førte vidare av den moderne samerørsla. Først rundt 1990 kom det store gjennomslaget, og nokre av desse ideane er no offisiell norsk urfolkspolitikk.

Bokdetaljer

Forlag Pax

Utgivelsesår 2023

Format E-bok

ISBN13 9788253043999

EAN 9788253043999

Omtalt person Edvard Masoni

Språk Nynorsk

Sider 282

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

2 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket