Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Denne boka handlar om arbeidet i lokalutval i by og bygd i Noreg. Tittelen på boka markerer ein samanheng mellom dugnad og demokrati. Eit levande folkestyre ville knapt vore mogleg utan dei dugnadsdrivne og sosialt inkluderande institusjonane i bydelar og bygdesamfunn. Boka vender seg til alle som har interesse for utviklinga i sitt eige lokalmiljø, og som er på leiting etter nye perspektiv, organisasjonsformer og strategiar. Samtidig som boka har eit praktisk siktemål, byggjer ho på ei vitskapleg kartlegging av lokalutval i alle kommunane i landet kombinert med ei nærmare gransking av fire kommunar med ulike former for lokalutval. Boka vil såleis òg vere av interesse for studentar og forskarar som arbeider med lokaldemokrati, frivillig organisasjonsarbeid og sosialt arbeid.
Omtale fra forlaget
DUGNAD OG DEMOKRATI
Bydelsutval, bygdelag og velforeiningar som politiske institusjonar
Er dugnadsarbeid politikk? Har politisk deltaking noko med dugnadsånda å gjere? Kan det vere nyttig å sjå på lokalpolitikk som noko meir enn ein kamp om plassane i kommunestyret?
Denne boka handlar om arbeidet i lokalutval i by og bygd i Noreg . dei godt over 10 000 "lokaldemokratane" som gjer sin innsats i bydelsutval og bygdelag, ofte med minimal støtte frå dei tradisjonelle lokale institusjonane som kommunestyre og formannskap.
Tittelen på boka markerer ein samanheng mellom dugnad og demokrati. Eit levande folkestyre ville knapt vore mogleg utan dei dugnadsdrivne og sosialt inkluderande institusjonane i bydelar og bygdesamfunn. Boka vender seg til alle som har interesse for utviklinga i sitt eige lokalmiljø, og som er på leiting etter nye perspektiv, organisasjonsformer og strategiar. Samtidig som boka har eit praktisk siktemål, byggjer ho på ei vitskapleg kartlegging av lokalutval i alle kommunane i landet kombinert med ei nærmare gransking av fire kommunar med ulike former for lokalutval. Boka vil såleis òg vere av interesse for studentar og forskarar som arbeider med lokaldemokrati, frivillig organisasjonsarbeid og sosialt arbeid.
Boka er skrive av samfunnsforskarane Torill Nyseth, Toril M. Ringholm, Asbjørn Røiseland og Nils Aarsæther. Ho er resultatet av eit forskingsprosjekt som er finansiert av Noregs forskingsråd sitt program for forsking om kommuneloven.
Forlag Kommuneforl.
Utgivelsesår 2000
Format Heftet
ISBN13 9788244607155
EAN 9788244607155
Språk Nynorsk
Sider 140
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket