Forlag De norske Bokklubbene AS
Utgivelsesår 2010
Format Innbundet
ISBN13 9788252575927
Språk Bokmål
Sider 207
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Bjørneboe bodde ei periode i Enebakk og let seg inspirere av historia til forfattaren Ragnhild Jølsen, datter av godseigar Holm Jølsen til bruket Ekeberg. Bjørneboe diktar nok ein del vidare på historiske fakta, og boka er meir av ein roman enn av ein biografi. Det hevdast også at Bjørneboe projiserer mykje av seg sjølv inn i framstillinga av Ragnhild.
Holm hadde tru på den teknologiske utviklinga, og hadde ambisjonar som industibyggar. Han bygde fleire fabrikkar i tilknytning til bruket, og i den vesle avsidesliggande bygda vaks det fram ein arbeider-by med tusenvis av innbyggarar. Bjørneboe skildrar på ein overtydande måte dei sosiale tilhøva i arbeidarbyen, med fattigdom, umoral, syfilis og tuberkulose, og med framvekst av arbeidarrørsla. Etter kvart gjekk det over styr med fabrikkane, og byen blei etter kvart også borte.
Ragnhild skildrast som ei sjølvstendig og ukonvensjonell jente med eit plaga men mottakeleg sinn. Ho har ein dragning mot det mørke og det erotiske, og som vaksen finn ho ro i utstrakt sjølvmedisinering med opium. Figurane ho diktar om i romanane er levande for henne, ho møter dei fører samtaler med dei. Etter å ha hatt ein viss suksess med dei første bokutgjevingane reiste ho til Italia, men vendte attende til Norge grunna sviktande helse, eller graviditet, eller begge deler. Tilbake i Enebakk døyr ho, berre 32 år gamal.
Som gut/ungdom var eg så heldig å jevnlig få vere nokre dagar av sommerferiane på ein husmannsplass i skogen som ligg under garden Ekeberg. Det var derfor litt spesielt å gjenoppleve dette landskapet sett med Bjørneboe og Jølsen sine auge, og minnast varme sommardagar der eg sykla på stiar i dei same skogane som Ragnhild kjende slik dragning mot. Og når eg skulle snope så gjekk vegen til butikken forbi hovudgarden. Men det slo meg aldri at det på denne staden hadde vært ein fabrikkby. Ved neste høve lyt eg nesten ta ein sving innom Enebakk og sjå om det er råd å finne spor etter denne fascinerende historia.
De passet godt sammen, noe som den nesten åtti år store aldersforskjell sørget for: Den ene kunne ikke snakke, og den andre kunne ikke høre.
Jorden på sletten var vannsyk, og ingen tenkte i alvor på å grave den ut og få drenert den. De som døde av malariaen, var allikevel bare landarbeiderne selv, deres gamle eller deres barn. Og visste man hvordan de levet, - forsto man at feberen allikevel var mild og nådig.