Omtale fra forlaget
"grisungen og eg i firsprang frå parkvesenet
vi gøymer oss
i syrinbuskar, søppelposar
vi er erteris og går i eitt med buskaset
vi stel klisne pastisflasker frå under benkane
ingen ser oss pile forbi
der nede langs bakken"
I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga "Drikkeviser frå Paris" er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet.
Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst.
Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft - dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris.
"Drikkeviser frå Paris" er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2016
Format Heftet
ISBN13 9788249516520
EAN 9788249516520
Språk Nynorsk
Sider 73
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Veldig god! Eg har ikkje lese noko av forfattaren frå før, men ser at ho fekk Bjørnsonstipendet i 2015, noko som vel heng høgt. Hovudpersonen flyttar/reiser til Paris, men tek med seg dine norske røter, det er brokkar frå Peer Gynt, folkeviser etc. i versa. Fiffig gjprt, overraskande vriar og setningar. Ei samling eg gjerne vil eige.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket