Omtale fra forlaget
Berre dagar etter at Ina Giske hadde levert manuset til det som skulle bli "Sjøhesten Hippo og plasten i havet", vart ho angripen av ein hund. Bittet gav henne sopass alvorlege skader at ho har vore plaga av smerter sidan. Ho utvikla etter kvart CRPS (Komplekst Regionalt Smertesyndrom), og må leve med skadene resten av livet.
Samtidig som ho står midt i dette, blir dottera hennar sjuk, og må gjennomgå ein stor operasjon.
Ina klarer å snu motgang til medgang, og ut frå det vanskelege veks det etter kvart eit dikt til dottera. Så kjem det fleire dikt, og dikta blir ei heil samling.
"Døra til havet - tankar i tid" er ei vakker, sår og tankevekkande diktsamling som famnar dei ulike fasettane i livet. Dikt du vil kjenne deg igjen i.
Forlag Knasteriet forlag
Utgivelsesår 2024
Format Innbundet
ISBN13 9788293666097
EAN 9788293666097
Språk Nynorsk
Sider 76
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket