Diktardraum

Knut Hauge

dagbok 1931-1940

av (forfatter).

Då måta 2003 Innbundet

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka inneheld fem dagbøker frå åra 1931-1940. Dagboka gjev eit detaljert bilde av arbeidslivet gjennom året i ei bygd før krigen. Innvove i dette får vi del i den målmedvetne striden for å utvikle diktarevnene. Erotisk og religiøs lengt ligg sterkt bak, og naturstemningar og draum er stadig gjennomgangstema, det som alltid var ein grunnpilar i livet og diktinga til Hauge.

Omtale fra forlaget

Då forfattaren Knut Hauge (1911-1999) døydde i 1999, lét han etter seg fem handskrivne dagbøker frå åra 1931-1940. Desse notata har sonen Gunnar Hauge samla i boka som no ligg føre. Dagboka gjev eit detaljert bilde av dagleglivet i ei bygd før krigen. Vi følgjer forfattaren i arbeid og foreningsliv, i religiøse grubleri og ung kjærleik, og ikkje minst i den målmedvitne striden for å bli diktar . ein draum som var realisert åtte år etter at dagboka sluttar, med romanen Krossen under Torfinshø (1948). Debutboka skulle seinare bli omarbeidd til første bandet i hovudverket til Hauge, Sagen om Ulfsætta. Verket vart fullført med romanen Juvet i 1978. Då hadde han motteke Aschehougprisen for arbeidet sitt, og samtidsromanen Ein roman om kjærleiken og døden (1976) var komen ut i Den norske bokklubben - i eit opplag på over 120 000 eksemplar, og dermed ei av dei nynorske bøkene som har hatt størst opplag nokon gong. I dagbøkene kjenner vi òg att motiv og hendingar som seinare vart omarbeidde i bokform . først i Verda var atter ung (1950), seinare i Sagaen om Ulfsætta. I dagboka får vi det ufriserte, subjektive og dagsferske inntrykket.
Siktemålet med utgjevinga har vore å presentere stoffet så fullstendig og autentisk som råd. I språket vil ein kunne følgje utviklinga til ein som .vart umvendt til målet. medan han gjekk på framhaldskulen, og som gradvis valde bort dei eldre formene til fordel for eit moderne nynorsk. Berre nokre heilt få passasjar er redigerte bort. Elles er teksta uendra slik han sjølv førde dagboka i pennen i seine kveldsstunder i ungdomen.



Bokdetaljer

Forlag Då måta

Utgivelsesår 2003

Format Innbundet

ISBN13 9788299677509

EAN 9788299677509

Omtalt tid 1918-1939

Omtalt sted Oppland

Omtalt person Knut Hauge

Språk Bokmål

Sider 291

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

3 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket