Omtale fra forlaget
Valdresdialekta vart i 2005 kåra til den vakraste dialekta i landet. Men korleis er eigentleg dialekta i Valdres, og korleis skil ho seg frå andre dialekter? Dette har forfattarane av denne boka freista å finne eit svar på. I Dialekt av hjartans lyst finn du oversikter over korleis du bøyer substantiv og verb på valdresmål, og du finn samanlikningar mellom valdresmål, nynorsk og bokmål. Du møter Per og Kari som samtalar humoristisk saman på dialekt, og som bonus finn du ei ordliste på 263 frekvente valdresord bak i boka.
Valdresdialekta er ein viktig del av valdresidentiteten. Men korleis står det eigentleg til med valdresdialekta? Er ho, som hallingmålet, i ferd med å forsvinne? Utan valdresmål, ikkje noko Valdres. Difor er denne boka viktig.
Boka er interessant både for fastbuande og utflytte valdrisar, skuleelevar, hyttefolk, turistar og alle som er interesserte i dialekter og språk her i landet.
Forlag Kvitvella forlag
Utgivelsesår 2023
Format Innbundet
ISBN13 9788293762058
EAN 9788293762058
Omtalt sted Valdres
Språk Nynorsk
Sider 96
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket