Det kvite kortet

eit skodespel i éi akt

av (forfatter), Kristina Leganger Iversen (oversetter) og Camara Lundestad Joof (oversetter).

Samlaget 2020 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.50 (2 terningkast.)

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Den usynlege kvitheita. Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen? Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine, forfattaren av «Medborgar», sitt nye stykke, «Det kvite kortet». Ekteparet Virginia og Charles, to kvite kunstsamlarar, har invitert den gryande, svarte kunstnaren Charlotte til middag. Dei vil kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre henne med refleksjon kring spørsmål om kunst, representasjon og rase. Samtalen imploderer sakte, men sikkert, og stykket får lesaren til å vri seg i ubehag etter kvart som middagsselskapet havarerer. Det utforskar kva som skjer om ein er villig til å bli i rommet når det gjer vondt å lytte. Boka er like fullt humoristisk, og personane blir meir og meir melodramatiske etter kvart som selskapet utartar seg. «Det kvite kortet» er eit politisk lesestykke med stor aktualitet og samfunnsrelevans. Boka er ei rørande og avslørande destillering av raseskiljet slik det blir erfart i kvite rom; i stova, i kunstgalleria, i samfunnet og i vår eigen fantasi.

Omtale fra forlaget

Den usynlege kvitheita.

Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen?

Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine, forfattaren av «Medborgar», sitt nye stykke, «Det kvite kortet». Ekteparet Virginia og Charles, to kvite kunstsamlarar, har invitert den gryande, svarte kunstnaren Charlotte til middag. Dei vil kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre henne med refleksjon kring spørsmål om kunst, representasjon og rase.

Samtalen imploderer sakte, men sikkert, og stykket får lesaren til å vri seg i ubehag etter kvart som middagsselskapet havarerer. Det utforskar kva som skjer om ein er villig til å bli i rommet når det gjer vondt å lytte. Boka er like fullt humoristisk, og personane blir meir og meir melodramatiske etter kvart som selskapet utartar seg.

«Det kvite kortet» er eit politisk lesestykke med stor aktualitet og samfunnsrelevans. Boka er ei rørande og avslørande destillering av raseskiljet slik det blir erfart i kvite rom; i stova, i kunstgalleria, i samfunnet og i vår eigen fantasi.

Frå engesk ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2020

Format Heftet

ISBN13 9788234001758

EAN 9788234001758

Omtalt sted New York

Språk Nynorsk

Sider 94

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket