Omtale fra forlaget
Dialog har alltid vore eit sentralt motiv hos Eldrid Lunden. I 'Det er berre eit spørsmål om tid' møter vi ei rekke samtalepartnarar, frå neolittiske relieff og Seneca d.y. til eit knippe forfattare i nyare tid. Tekstane kombinerer uventa synsvinklar med intenst nærvær på ein måte som er typisk for dette forfattarskapet - kanskje klårare og meir effektivt enn nokon gong tidlegare.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2018
Format E-bok
ISBN13 9788203363962
EAN 9788203363962
Språk Nynorsk
Sider 73
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEi glede som vakna
kvar morgon.
Ei glede som var
Det heile
Gleda over å leve, lysande som elvar gjennom kroppen
Å leve med deg
dei knapt høyrbare rørslene dine i rommet
Det visse. Ei glede som vakna
kvar morgon. Ei glede som var
Det heile
Du kjem lydlaust opp
bak meg. Du sit ved
skrivebordet framfor meg
Du ser ikkje opp
Eg kan framleis oppleve nærveret ditt
lyn som ikkje er til å skilje
frå mørker
Det var det bästa vi kunne göra, nu
kviskra du ein gong, med munnen din
mot øyra mitt. Eg legg forsiktig
munnen mot minnet ditt: Ja, det var
det beste vi kunne gjere. Uansett.
Døden er ein stad ein har vore redd for å miste
Døden er ein stad i alle
stader ein har vore redd for å miste
Får oss til å gråte og gråte
Men det grenselause i seg sjølv er inga tåre verd
Tørk tårene dine og finn eit nytt menneske å vere glad i
seier Seneca d.y. i eit brev til son sin. Han sa også at den som
syrgjer altfor tungt er redd for ikkje å syrgje nok
Og at den som har elska berre eitt menneske
har elska vedkomande lite
20 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket