Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Dokumentarromanen tek for seg korleis bryllaup vart førebudd og feira på 1800-talet og gjev eit innblikk i tradisjonar, tru og overtru. Boka fortel om bryllaupet mellom Timann Eriksson Dale og Guri Knutsdotter Lien og skildrar kva som gjekk føre seg utover bryllaupskvelden - i det blodigaste bryllaupet som har vore i Valdres.
Omtale fra forlaget
Det starta med kjærleik og truloving mellom Timann Eriksson Dale og Guri Knutsdotter Lien. Endeleg skulle det bli vigsel og bryllaupsfeiring. Men dette vart likevel det blodigaste bryllaupet som nokon gong har vore i Valdres - ja, kanskje i heile Norge. Det er også dette dramaet som er utgangspunktet for Johan Welhaven sitt kjende dikt "Åsgårdsreien". Denne boka tek for seg korleis eit bryllaup vart førebudd og feira tidleg på 1800-talet. På grunnlag av rettsreferata er det ei detaljert skildring av kva som gjekk føre seg utover bryllaupskvelden. I tillegg gjev boka eit godt innblikk i tradisjonar knytte til bryllaup, gravferder og kvardagsliv. Ikkje minst får me sjå korleis tru og overtru prega livet den gongen. Ved sida av denne dokumentarromanen er også alle rettskjeldene utgitt i ei eige bok: "Dalebryllaupet - rettskjeldene".
Forlag O.T. Hådem
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788299791809
EAN 9788299791809
Genre Historisk litteratur
Omtalt tid 1800-tallet
Omtalt sted Oppland
Språk Nynorsk
Sider 157
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket