Der ingen skulle tru at nokon kunne bu IV

av (forfatter) og Tor Sivertst√∏l (illustratør).

Cappelen Damm 2014 Innbundet

5 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er basert på ein av dei mest populære fjernsynsseriane i nyare tid, signert av den folkekjære programskaparen og forfattaren Oddgeir Bruaset. Kven skulle tru at denne serien skulle bli så slitesterk gjennom tolv år? Det er dette spørsmålet denne boka gjev svar på. Her møter vi menneske som vel eit anna liv, eit liv langt frå rastlause urbane miljø. Menneske som ønskjer eit enklare liv, men som i tillegg har mot til å bryte opp og faktisk velje dette livet. Eit liv der gleda over resultatet av eige hardt arbeid er større løn enn «likes» på sosiale medium.


Vi blir til dømes med til fjellgarden Argehovd på Hardangervidda og møter Anne-Gro og Åsmund Løvås nærare 1000 meter over havet. For tjue år sidan var Anne-Gro med kjærasten Åsmund opp dit første gongen. Åsmund skulle vise henne den veglause fjellgarden han hadde fått tilbod om å overta. Næraste nabo var to andre fjellgardar nokre kilometer unna.


«Byjenta såg - og trudde knapt det ho såg. Ein einaste tanke stod klårt for henne: «Så fort eg kjem tilbake til byen, skal eg slå opp!»


No gjekk det ikkje slik, dei to skapte seg eit liv med to born der oppe på fjellet. I boka får lesaren vite mykje meir enn det er plass til i eit halvtimes TV-program. Til dømes historia om polarhelten Roald Amundsen, som saman med bror sin nær sette livet til inne på vidda og vart berga av fjellbonden på Argehovd som var ute for å sjå til rypesnarene sine.


Oddgeir Bruaset fortel i alt om elleve stader, og forteljingane om menneska som bur der, har det til felles at dei har søkt og funne det gode livet i ein fjern avkrok; her er både muntre historier og gripande lagnader.

Bokdetaljer

Forlag Cappelen Damm

Utgivelsesår 2014

Format Innbundet

ISBN13 9788202444747

EAN 9788202444747

Språk Nynorsk

Sider 231

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu III" av Oddgeir Bruaset
Alle bokanbefalinger for dette verket