Omtale fra forlaget
Denne boka er ein studie av eit viktig kapittel i norsk litteraturpolitikk, ordninga med diktargasje, som eksisterte i perioden 1863-1962. Diktargasje var ei livstidslønn som Stortinget gav til utvalde diktarar, og i samband med løyvingar til kontroversielle forfattarar oppstod det konfliktar og strid i Stortinget. Kampen i Stortinget om diktargasjane hadde nær samanheng med allmenne politiske og kulturelle konfliktar i Noreg i det aktuelle tidsrommet, og eit gjennomgåande tema i desse konfliktane var motsetninga mellom kulturradikalisme og kristen verdikonservatisme. Denne konflikten var mest dramatisk og fekk vidtrekkande politiske konsekvensar i samband med den såkalla Kielland-saka i 1880-åra, men stridsbølgjene var nesten like høge da Øverland fekk diktargasje i 1938. Andre forfattarar som vekte strid var Kristofer Janson, Arne Garborg, Ingeborg Refling Hagen, Sigurd Hoel, Helge Krog og Aksel Sandemose. I tillegg til dei politiske motsetningane var det heile tida debatt om Stortinget var det rette organet til å dele ut lønn til diktarar og andre kunstnarar. Alle søknader om diktargasje som Stortinget hadde til behandling 1863-1962 er undersøkt, men boka legg mest vekt på å analysere dei sakene som skapte strid og som viser dei prinsipielle sidene ved den litteraturpolitiske modellen som låg til grunn for diktargasjane.
Forlag H. F. Dahl og T. Helseth
Utgivelsesår 2005
Format Heftet
ISBN13 9788292625088
EAN 9788292625088
Språk Bokmål
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket