Omtale fra forlaget
Forfattaren viser korleis verdiar kan vere rettesnor for leiarskap. I ti essay reflekterer han over leiarskap og etikk, kor viktig det er å utvikle karakter og personleg dømmekraft, og om korleis ein kan finne den gylne middelvegen når ein er fanga mellom ulike omsyn. I essaysamlinga Den truverdige leiaren presenterer Einar Aadland ein verdibasert leiarfilosofi. Ifølgje forfattaren handlar det å bli ein god leiar berre delvis om å tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter. Like mykje handlar det om å utvikle karaktereigenskapar og personleg dømmekraft, om korleis ein kan finne den gylne middelvegen når ein er fanga mellom ulike omsyn. Gjennom dei ti essaya i boka reflekterer Einar Aadland over ulike perspektiv på leiarskap, etikk og samtid. Viktige problemområde i boka er dei nye tendensane i arbeidslivet, individfokuseringa i samtida og dei nye krava om .image. og form. Forfattaren drøftar på ein innsiktsfull måte omgrep som kvalitet, tillit, kontroll og lojalitet.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788234000478
EAN 9788234000478
Språk Nynorsk
Sider 236
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket