Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Den sære og einslige reklamemannen Are blir slått ned på veg heim frå puben ei natt. Han vil gjerne vite kvifor, og rotar seg bort i blant anna narkotikahandel. Handlinga flyttar seg frå Stavanger sentrum og egersundske fiskemottak til neonglitrande californiske teaterklubbar. Boka utviklar seg til å bli burlesk og hallusinatorisk og etter kvart dukkar det opp figurar som Fantomet, ein dostojevskisk togpassasjer og ein stavangersk uteliggar. Dette er forfattarens debut.
Omtale fra forlaget
På veg heim frå puben ein mørk nattetime, blir den sære, einslege og halvt forhutla reklamemannen og eg-forteljaren Are slått ned. Både han og lesaren vil gjerne vita kvifor, og er straks midt inne ein hardkokt spennings-, kriminal- og røvarroman om narkotikahandel i stor stil.
Den symmetriske tvillingen utviklar seg så i ei glidande episk rørsle til også å vera ein roman om identitet og tid. Personane, handlinga og stadene flyttar seg på begge sider av grensene mellom forbrytarisk, spennande realisme og hallusinatorisk røynd . frå heimekjennelege Stavanger sentrum og egersundske fiskemottak til neonglitrande nedsausa californiske teaterklubbar og hip og hop og hei og hå.
Det som opnar som hardkokt realisme, og som på eitt plan er det heile vegen, utviklar seg til å bli burlesk og uvirkeleg, draumeaktig, hallusinatorisk og fantastisk . med teikneseriefiguren Fantomet som ein av karakterane, den frihjulande brukthandlarbroren til forteljaren ein annan, ein dostojevskisk togpassasjer og ein stavangersk uteliggar ein tredje og fjerde. Om dei ikkje går i oppløysing, går dei tidvis over og opp i kvarandre.
Forlag Wigestrand
Utgivelsesår 2004
Format Innbundet
ISBN13 9788291370866
EAN 9788291370866
Språk Nynorsk
Sider 184
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket