Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Arne Hjeltnes, "moromann" frå fjernsyn, kjem her med ei samling på i alt 29 dikt.
Omtale fra forlaget
I uminnelege tider har heimelaga lyrikk vore viktig for folk i primærnæringane. Det kunne vera mektig natur, uår eller tronge kår som gjorde at folk fann trøyst og meining i lyrikken.
No for tida er alt mykje betre. Eg har hatt det fint heilt sidan eg vart fødd. Og det skal eg sanneleg seia deg at dikta mine ber preg av. I denne boka finn du ekte heimelaga lyrikk for slike som oss som ikkje har stira inn i store svarte hol eller møtt Lucifer på ein myrk sti på veg heim frå fotballtrening.
Det står trivelege og artige ting i desse dikta. Og du vil finna trivelege og artige saker mellom linjene òg. Eg kan røpa at eg ikkje trong finna opp krutet for å skriva dei. Men eg er godt nøgd med heilskapen i dette lyriske eposet som Det Norske Samlaget sel altfor billeg.
God helg!
Arne Hjeltnes
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2000
Format Heftet
ISBN13 9788252153651
EAN 9788252153651
Genre Humor
Språk Nynorsk
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!