Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka presenterer ei teoretisk og metodisk ramme for korleis samfunnsforsking kan gjerast utviklingsrelevant. Med utgangspunkt i prosess- og endringsorienterte tenkjarar som Heraklit, Nietzsche, Deleuze, Pirsig og Dewey snakkar forfattaren om utviklingskompetanse; forskningsbasert kunnskap for nyskaping og positiv endring. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Dagens samfunnsforskar opererer under eit meir eller mindre uttalt krav om å gjera seg og sitt arbeid "utviklingsrelevant". Denne boka presenterer ei teoretisk og metodisk ramme for korleis dette kravet kan omsetjast til praksis. Boka introduserer og definerer den skapande forskaren - aktøren som medverkar direkte i sosiale, kulturelle og økonomiske verdiskapings- og utviklingsprosessar.
Samfunnsforsking kan gjerast langt meir "nyttig" for andre utviklings- og samfunnsaktørar, hevdar forfattaren, og han tek til orde for å endra fokus og mål frå forsking på til forsking for; frå distansert observasjon til deltakande nærleik. Med basis i prosess- og endringsorienterte tenkjarar som m.a. Heraklit, Nietzsche, Deleuze, Pirsig og Dewey byggjer forfattaren opp eit alternativt kunnskapingsmål, utviklingskompetanse; forskingsbasert kunnskap for nyskaping og positiv endring.
Forlag Tapir akademisk forlag
Utgivelsesår 2011
Format Heftet
ISBN13 9788251927994
EAN 9788251927994
Språk Nynorsk
Sider 87
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket