Omtale fra forlaget
Om du seglar inn Sognefjorden og svingar hardt styrbord i god tid før du rundar neset og får Vikøyri i sikte, då hamnar du i Framfjorden. Her vart Sverre Bungum fødd (1936) og trødde sine barne- og tidlege ungdomsår. Etter endt lærarutdanning arbeidde han ei kort tid ved Øvre Årdal Linedelte ungdomsskule, før han i 1965 for alvor gjorde stril av seg, og har sidan då vore busett på Klokkarvik på Sotra.
I «Den gamle mannen og guten» ser han attende på sin barndom i Framfjorden. Med varme, litt alvor, og ikkje minst mykje humor skildrar han ein oppvekst som trass manglande «verdsleg» gods og gull, var rik på mykje anna.
Sverre Bungum er ingen nybyrjar innan skrivekunsten, noko som er lett å skjøna når ein les. Eit til tider litt arkaisk nynorsk, iblanda gode dialektuttrykk, understrekar ektheita i forteljingane.
I tillegg til barndomsminner er her også ein del fabuleringar rundt meir dagsaktuelle tema, som dialektbruk, ungdomskriminalitet og pandemiar. Alt skildra med ein humoristisk vri.
Forlag Hammersland bok & musikk
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788269102499
EAN 9788269102499
Genre Biografisk litteratur
Omtalt tid Etterkrigstiden 1939-1945 1960-1969
Omtalt person Sverre Bungum
Språk Nynorsk
Sider 130
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket