Omtale fra forlaget
Kvifor gjekk dødsratene ned over heile Vest-Europa på 1800-talet? Og kvifor skjedde det same med fødselsratene nesten hundre år seinare? Det er tema i denne kortfatta innføringsboka, skriven av vår fremste ekspert på feltet. Boka inngår i serien Utsyn&innsikt. Skiftet frå høge fødsels- og dødsratar i førmoderne tid til låge fødsels- og dødsratar i moderne tid står sentralt i framveksten av det moderne samfunnet. I denne boka gir Ståle Dyrvik oss ei innføring i utviklinga av teorien om den demografiske overgangen. Forskarane har trekt fram ulike forklaringsfaktorar som kosthald og medisinsk utvikling, giftarmålsmønster, fødselsregulering, mentalitet og kultur. Men korleis er samspelet mellom desse faktorane, og kva utviklingstrekk er styrande i denne prosessen? Boka er skriven for studentar i historie og sosiologi, men er også relevant for andre fag der emnet inngår.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788234000454
EAN 9788234000454
Serie Utsyn&innsikt
Språk Nynorsk
Sider 127
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket6 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket