Omtale fra forlaget
ISLAM OG ISLAMISME- EIN TRUSSEL FOR EUROPA, DEMOKRATIET OG MENNESKERETTANE. Som totalitær ideologi stiller islamismen i klasse med nazismen, fascismen og kommunismen, men er endåfarlegare fordi politikk og religion, stat og nasjon er og eitt og det same. Europa er i kneståande, forvirra og utaneitsamlande formål. Redselen for islamsk press vinn fram. Det frie ordet tapar. Demokratiet lir. Hallgrim Berg seier - som sosialdemokraten Tony Blair - at me må reise oss, stå klarare fram for vår eigen kultur, ikkje lenger snu kappa etter vinden og lure oss sjølve med einvegstoleranse. Hallgrim Berg leverer her eit kraftfullt vitnemål for demokratiet, menneskerettane og vår vesterlandske kultur - inklusive kristendomen og mirakelet Israel. Han viser kvifor og korleisytringsfridomen er det avgjerande elementet i den kulturkampen som nobyggjer seg opp. Forfattaren lanserer ein handlingsplan i tolv punkt for å stimulere debatten om korleisNoreg og landa i Europa skal overleva som sjølvstendige kulturnasjonar.
Forlag Genesis
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788247604038
EAN 9788247604038
Omtalt sted Europa
Språk Nynorsk
Sider 333
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketI britiske fengsel pressar radikale muslimske gjengar inn sharia-lover på ikkje-muslimske fangar, som og blir nekta å spela vestleg musikk på cella, må reinske veggane for bilete og utklipp, og slutte å eta pølse. Presset for å rekruttere nye konvertittar er sterkt. I eit spesialfengsel i Leeds gjekk to hundre muslimske fangar til millionsøksmål (britiske pund) som erstatning for at kokken hadde kome med tilbod om skinkesmørbrød under ramadan. På mange sjukehus har pleiarane ekstra arbeid med å snu sengene mot Mekka fleire gonger om dagen. Samtidig har fengselsstyresmaktene måtta brukt store skattepengar for å bygge om fengselstoalett for å få vridd doen i riktig retning.