Dekalogen

13 essay om menneske og samfunn i skjeringspunktet mellom rett og religion

av (redaktør) og Eirik Holmøyvik (illustratør).

Fagbokforlaget 2008 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Denne boka inneheld 13 essay som omhandlar dei ti bodorda i ein rettshistorisk samanheng, og som kvar på sin måte undersøker samanhengen mellom innhaldet i bodorda og korleis dei påverkar samfunnet. Tidsmessig spenner essaya frå tidleg mellomalder og fram til i dag.

Omtale fra forlaget

På Sinai mottok Moses to steintavler med ti bod. Desse bodorda, Dekalogen, har kome til å spela ein sentral rolle innan både jøde- og kristendom, og har samstundes vorte ein del av kultur- og rettshistoria. For det finst ein viss parallellitet mellom Dekalogen og fundamentale moralske førestillingar uavhengig av religion. Behovet for heilaggjering, for vern om liv og eigedom, for sanning og truskap er ikkje spesifikt jødisk, kristent eller religiøst, men allmennmenneskeleg. Dei ti bodorda kan dermed fortelja oss noko om tilhøvet mellom rett og religion i nordisk og europeisk rettshistorie. Men Dekalogen har òg ein tidlaus og allmenn dimensjon og kan difor seia oss noko om grunnleggjande førestillingar som har vore med og regulert mellommenneskelege samkvem. Begge delar vert vist fram gjennom det rettshistoriske perspektivet som ligg til grunn for essaya i denne antologien. Meir enn noko anna er det mangfald som pregar den rolla Dekalogen har spela i retten opp gjennom historia. Det har difor vore viktig at denne antologien skal reflektera dette mangfaldet. Av den grunn er bidragsytarane frå alle dei nordiske landa, og dei har skrive på bokmål, nynorsk, svensk, finlandsvensk og dansk. Temavala spenner frå ærekjensle til militær intervensjon, frå seksuell utukt til reglar om søndagsstengde butikkar. Tidsmessig spenner bidraga frå høgmellomalderen og fram til i dag. Eit ytterlegare bidrag til mangfaldet er at antologien er illustrert med svartkvitt fotografi for å gje teksten endå ein kommunikativ dimensjon. Denne antologien vil òg verta lest på bakgrunn av mange motiv, og på mange måtar. Slik vil du - lesaren - bidra til det mangfaldet som vi - forfattarar, fotograf, redaksjonsassistent og redaktør - har freista å visa fram.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 2008

Format Innbundet

ISBN13 9788245005585

EAN 9788245005585

Språk Bokmål Nynorsk Flerspråklig Dansk Svensk

Sider 249

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket