Omtale fra forlaget
Hordaland fylkeskommunale gymnas var den private mellomskulen, fødd i armod av Vestlandske Mållag, boren fram frå hand til munn av lærarar som kjende ansvar for landsungdom som elles berre møtte stengde dører. Gymnaset, med forgjengarane Den norske millomskulen og Den norske realskulen, drukna i 1965 i skulereformene der einskapsskulen, ungdomsskulen og dei vidaregåande skulane kom til. Landsgymnasa var på 1960-talet symbolet på alt vondt: Dei var eliteskular. Porten inn til dei var inntaksprøver og hardhendt poengteljing. Nokre av dei var også det som var endå verre: Dei var private. Dette er ei minnebok om ein skule og ei tid som ikkje må gløymast. Kvart ord er skrive av no litt aldrande menneske som levde nokre år på denne merkelege skulen, på pultar eller kateter. Boka er skriven i ei tid der den offentlege einskapsskulen får følgje av stadig fleire privatskular. Kanskje vi enno treng skular der kvar einskild ungdom har høve til å velja sin eigen veg?
Forlag Eide forlag
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788251407144
EAN 9788251407144
Omtalt tid Etterkrigstiden 1960-1969
Språk Nynorsk
Sider 128
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketPå slike morgonar på hybelen blei eg kjend med artsfrenden min Daniel Braut i Bondestudentar, Le grand Michu i franskboka og Shakespeare si Portia i The Merchant of Venice.
“The quality of mercy is not strain’d
It droppeth as the gently rain from heaven
upon the place beneath; it is twice blest;
It blesseth him that gives and him that takes.
Stundom gjekk vi rett frå skulen til teatret. Garderobedamene på Den Nationale Scene sukka overberande over desse evnerike landsungdommane i stormønstra strikkejakker som overlet blytunge skulevesker til dei for plassering attom skranken, eit løft inn frå kulda til pelskåpene og støvfrakkane, før nynorskingane kunne innta salen under stjernehimmelen i blått og gull. Så gjekk teppet opp, og vi gjekk inn i ei draumeverd der alt var mogleg.
Teateropplevingane hadde si forlenging i mi deltaking i spellaget ved HFG. For sjølv om elevane var pugghestar i eit kortare (toårig) skuleløp enn gymnasiastar flest hadde, så baud skulen på eit blømande kulturliv i fritida. Erik Svendsen, skodespelar med tversoversløyfe, vennleg diskresjon og eit “velpleid sprog” instruerte teatergruppa fram mot store premierar i “Gimle” og med turné heilt til Eikelandsosen. Kjensla attom teppet før det gjekk opp for ein forventningsfull, summande sal, den pirrande lukta av teatersminke – alt dette førde inn ein dåm av den store verda. I dette magiske mørkret var det igjen denne kjensla av: vi her inne, verda der ute – og møtet.
1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket