Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka er historia om ferjene til HSD sett frå ein reisande sin ståstad. Det handlar om ferjene slik passasjerane opplevde dei i tida frå 1938-1971.
Omtale fra forlaget
Å veksa opp på 1960-talet var flott. Bilane blei større og finare. I fjernsynet kommenterte Erik Tandberg og Jan P. Jansen romferdene, og Erik Bye song Skomværsvalsen saman med eit mannskor av sjømenn med blazer og kvit hue. Me hadde berre ein kanal, og alle hadde sett det same kvelden før. Me kunne sitja på den same ferja og snakka om dei same episodane av Jaget eller Krutrøyk. Nesten kvar vår gjennom det meste av 1960-talet kom det ei ny ferje i juni. Dette er historia om dei fine ferjene til HSD sett frå ein reisande sin ståstad. Det handlar om ferjene slik me opplevde dei som passasjerar, og om eit stykke viktig lokalhistorie knytta til moderniseringa av vestlandssamfunnet. Det er òg historia om kvar ferjene blei av etter at me ikkje lengre hadde bruk for dei, men det er først og fremst ei kjærleikshistorie om ferjene som HSD bygde i tida frå 1938 til 1968, tida som var gullalderen for dei fine ferjene. Dette er tredje utgåve av boka.
Forlag Kapabel
Utgivelsesår 2010
Format Innbundet
ISBN13 9788281630338
EAN 9788281630338
Omtalt sted Vestlandet
Språk Nynorsk
Utgave 3
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket