Omtale fra forlaget
«Songdiktinga har følgt meg gjennom heile forfattarskapen. Alt i debutboka står det metriske og songbare vers, som også har blitt tonesette. Frå og med Dalen Portland (1977) dukkar songar av ulikt slag opp i prosateksten. Sett i samanheng går det godt an å seia at heile forfattarskapen min har tre bein å stå på. Det er fortellande prosa, utgitt som romanar, det er essay, og songdikting. Gjennom samarbeid med musikarar og komponistar har det tredje beinet i denne tripoden blitt stadig stødigare», skriv Kjartan Fløgstad i forordet til boka. Dansen med orda samlar songlyrikken til Fløgstad, med korte introduksjonar av forfattaren sjølv. Mykje er henta frå romanar og prosautgjevingar, mens anna er skrive på oppdrag og framført med nokre av landets fremste musikarar. Noko er enno ikkje tonesett – og andre songar er så nye at dei ventar på å bli framførte. Boka er utforma i eit hendig format. Ho får plass i ei jakkelomme og kan såleis bli ein følgjesven til bryllaup og gravferd – og alle store og små hendingar som fell mellom dei to.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2024
Format Heftet
ISBN13 9788205602007
EAN 9788205602007
Språk Nynorsk
Sider 227
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket