Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Arne Garborg skreiv dagbok frå 1905 til 1923. Etter at mannen døydde i 1924, begynte Hulda Garborg arbeidet med å utgi dagbøkene i ei utgåve i seks band. Denne boka inneheld eit redigert utval frå desse banda. Boka er eit unikt tidsdokument og gir eit gripande innblikk i personlegdomen til forfattaren. Har personregister.
Omtale fra forlaget
Då Arne Garborg fylte 54 år, 25.1.1905, tok han til å skrive dagbok. Han skreiv jamnleg heilt fram til han la ned pennen nyttårsaftan 1923. Etter at mannen døydde i 1924, begynte Hulda Garborg arbeidet med å utgi dagbøkene i ei utgåve i seks band, basert på manuskripta hans.Tor Obrestad har redigert eittbandsutgåva som her føreligg. Det er eit unikt tidsdokument og eit rikt og gripande innblikk i personlegdomen til forfattaren. I forordet skriv Tor Obrestad om han: "Han, som heilt frå barneåra av hadde tatt sikte på ei sak, å verta eit profesjonelt skrivande menneske, og eit av dei første i landet som var det, og som levde av pennen sin, og som hadde samanvevt denne rolla med den politiske . det å vera kulturbyggar, ein språkleg føregangsmann og ein nasjonal organisator, han mista etterkvart tilliten til den politiske verknaden av det han gjorde. (.) I første omgang skreiv han for skrivebordskuffa (.) men han hadde sjølvsagt ein baktanke om at det han forsøkte å seie noko om kunne ha interesse. Ikkje minst er Dagboka hans siste forsøk på å redigera livet sitt med tanke på at det skulle nå det offentlege".
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2001
Format Innbundet
ISBN13 9788203183232
EAN 9788203183232
Omtalt person Arne Garborg
Språk Nynorsk
Sider 487
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket