Omtale fra forlaget
Cally Monrad var ein stor kulturpersonlegdom på første del av 1900-talet, ei karismatisk og ettertrakta songarinne. Ho var også ein anerkjent lyrikar og skrev Noregs første okkulte roman, Petju, som trass slakt frå kritikarane, straks blei ein bestseljar. Monrad var også berykta for sitt omskiftelege privatliv og sine mange menn. Då andre verdskrig kom, melde ho seg inn i Nasjonal Samling. I 1942 blei ho den første og hittil einaste kvinnelege teatersjefen ved Det Norske Teatret i Oslo, innsett av partiet. Det er truleg forklaringa på at namnet hennar i ettertida er så godt som gløymt. Men i dette skodespelet kjem Cally Monrad tilbake for å fortelje historia om sitt mangslungne og dramatiske liv.
Cally hadde premiere på Det Norske Teatret våren 2018.
Forlag Tiden
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788210056727
EAN 9788210056727
Omtalt tid 1900-1945
Omtalt person Cally Monrad
Språk Nynorsk
Sider 57
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket