Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Boka fortel korleis Storbritannina, på denne tida verkeleg det britiske imperiet, kvitta seg med slaver og slavehandel.
Temaet er spanande og relevant. Forfatteren trekk linjer til vår eiga tid for å synleggjere kor utruleg (i ordet si rette forstand) det var at ein skulle avskaffe slaveriet då pionerane starta.
Han trekk fram kvinneforeningene sine bidrag, og har klart å grave fram historier om korleis slavar, opprørsleiarar og tilogmed kvinnelege slavar hadde det. Ein får absolutt lyst til å lære meir, og eg har lagt ei av kjeldene til bokønskelista mi.
Trass i dette var eg i tvil då eg skulle "kaste" terning. Språket er nemlig veldig tungt. Lange innskutte bisetninger gjer at eg måtte lese setningene både ein og to gonger før eg skjønte kva han meinte. Vanlegvis kan eg forsvinne inn i ei bok om tematikken er spanande nok, og lengte attende når eg må ta avbrot. Denne måtte eg aktivt ta opp og jobbe meg gjennom.
Likevel, eg fann det jo for godt å lese den ferdig. Eg vil tilrå den til den som har god konsentrasjon - ikkje busslektyre for dei fleste av oss.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket