Budeiene

døtrer av naturen

av (forfatter).

Kolofon 2025 Innbundet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Stølskulturen er på Unesco si verdsarvliste! Kunnskapen og erfaringa til budeiene er lyfta opp. Vi har hatt stølar og budeier over heile landet, og mange har budeier bakover i slekta. Budeiene dreiv og driv små bedrifter i utmarka – hardt arbeid, men òg eit friare liv. På stølen var det kvinnene som bestemte. Dei sjølvstendige og sjølvhjelpne budeiene imponerte og inspirerte. Dei irriterte også. Dei var ikkje underdanige nok, og dei vart oversett og motarbeidt av betrevitande embetsmenn. Budeiene har skaffa landet mat gjennom tusenvis av år, vi hadde ikkje overlevd utan dei. Av stølsmjølka får ein gode produkt, ho er kanskje verdas beste. Den gjestmilde budeia var ein trygg base i fjellet. Ho hadde mat og seng, ho lokka og song til seg dyr, kunstnarar, turistar og friarar. Budeiene levde i og med naturen, og nokon kjende på at dei delte stølen med haugafolk, dei underjordiske. Budeiene vil gjerne at fleire skal få kjennskap til arbeidet deira. Denne boka gir deg det. Budeiene er kvinnehistorie, kulturhistorie og landbrukshistorie. Det er på tide dei får den merksemda dei fortener. Inger Marie Vingdal er dosent i kroppsøving, og ho har skrive fleire lærebøker. No har ho samla inn budeiestemmer og historier frå heile landet. Ho har besøkt mange ulike stølsgrender og møtt budeier i ulike aldrar. Inger Marie er oppvaksen med støl, og ho fekk budeieliv og friluftsliv inn med stølsmjølka.

Bokdetaljer

Forlag Kolofon

Utgivelsesår 2025

Format Innbundet

ISBN13 9788230028438

EAN 9788230028438

Språk Nynorsk

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket