Bucolica - gjetarsongar

av (forfatter) og Matti Garnes Wiik (oversetter).

Gyldendal 2016 Innbundet

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Vergil vann ein plass i verdslitteraturen med debutverket sitt, Gjetarsongar (ca. 41 f.Kr.). I ei tid da dei romerske poetane hadde ord på seg for å vere novi, «nye», og kravet om originalitet sett opp mot dei tradisjonstunge førebileta i den greske litteraturen var ufråvikeleg, slo Vergil inn på ein dristig veg med det første verket sitt. Gjetarsongar høyrer til den pastorale poesien. Med sine skildringar av kulturlandskap og gjetarliv var ikkje dette ei litteraturform som sto høgt i kurs hos dei «nye» poetane i Roma. Men Vergils Gjetarsongar gjorde likevel den pastorale litteraturforma til ei nyskapande kraft i den romerske gullalderen. Gjennom dei ti utsøkte dikta i debutverket vever Vergil saman det greske og det romerske, det poetiske og det politiske, det gamle og det nye, det homoerotiske og det heteroseksuelle, det naturlege og det særs kunstferdige, til ein suksess som har halde seg gjennom meir enn to tusen år. Omsett frå latin av Matti Garnes Wiik. Bokmeldarane meiner: "At vi har med sofistikert dikting å gjere og ikkje ein gjetars amatørsong, kjem klårt fram i Matti Garnes Wiiks omsetjing av desse opningsversa i Vergils Bucolica - Gjetarsongar [...] Når vi les alle dei ti dikta på strak arm, kan vi så å seie bli så «ømt nagla fast i rytmar» at vi gløymer at innhaldet slett ikkje berre er idyllisk. Det er naturlegvis ikkje gjendiktarens problem. Han har lagt seg nær originalen på innhalds- så vel som uttrykksnivå, og gjendiktinga er i realiteten ikkje like «overlyriserande» som enkelte gjendiktingar eg har lese på andre språk. [...] Å få bøker som Bucolica - Gjetarsongar i norsk omsetjing i eit oppdatert språk gir nye perspektiv også på vår eigen skriftkultur, samstundes som vi blir konfronterte med noko som er framandt og annleis. [...] Alt luktar kvalitet!" Ole Karlsen, Dag og Tid

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2016

Format Innbundet

ISBN13 9788205462946

EAN 9788205462946

Serie Kanon : antikkens litteratur på norsk

Språk Nynorsk

Sider 108

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

3 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket