Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Forfattaren drøftar dei rettslege grensene for bruk av tvang mot psykisk utviklingshemma under yting av kommunale sosial- og helsetenester. Viktige drøftingar i boka har klar interesse for parallelle problemstillingar på tilgrensande retts- og fagfelt, som tvang mot psykisk utviklingshemma i skuleverket og tvang mot aldersdemente.
Omtale fra forlaget
Forfattaren drøftar dei rettslege grensene for bruk av tvang mot psykisk utviklingshemma under yting av kommunale sosial- og helsetenester. Både gjeldande norsk rett - inklusive sosialtenestelova kapittel 6A - og forholdet til sentrale bestemmingar i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) er handsama. Boka rettar seg særleg mot juristar og andre med interesse for prinsipielle problemstillingar som er knytte til bruk av tvang mot psykisk utviklingshemma. Samstundes er framstillinga på viktige punkt så djuptpløyande at ho er nyttig også for advokatar, dommarar og tilsette i offentleg forvaltning og organisasjonar som arbeider med sentrale praktiske problemstillingar. Viktige drøftingar i boka har klar interesse for parallelle problemstillingar på tilgrensande retts- og fagfelt, som tvang mot psykisk utviklingshemma i skuleverket og tvang mot aldersdemente. Om forfattaren: Bjørn Henning Østenstad er cand.jur. og er i dag tilsett som rådgjevar hjå Fylkesmannen i Hordaland. Han har tidlegare vore stipendiat ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen, og forskar i eit prosjekt om tvang mot psykisk utviklingshemma i regi av Norges Forskningsråd.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2000
Format Heftet
ISBN13 9788276746624
EAN 9788276746624
Språk Nynorsk
Sider 294
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket