Omtale fra forlaget
Ei eventyrleg forteljing om livet som musikar av Patti Smith, forfattaren bak boksuksessen Just Kids. Patti Smith veks opp i etterkrigstida. Frå eit falleferdig bustadkompleks tar ho oss med inn i barnets fantasiverd. Ho opptrer som kaptein for ein lojal søskenhær, overvinn bøller, kommuniserer med kongen av skjelpadder og leitar etter heilage sølvmyntar.Vi blir med vidare gjennom tenåra, der Arthur Rimbaud og Bob Dylan dukkar opp som forbilde når Smith begynner å skrive poesi, deretter songtekster, og kombinerer begge delar i dei ikoniske innspelingane som Horses og Easter. Men så legg ho alt dette bak seg for å gifte seg med den eine sanne kjærleiken sin, Fred «Sonic» Smith, og med han skapar ho eit liv i truskap og eventyr ved ein kanal i St. Clair Shores i Michigan. Her, i den landfaste Chris-Craft-båten sin, sit paret oppe om nettene og studerer nautiske kart og kartlegg nye eventyr, samtidig som dei stiftar familie.Mens Smith lid store tap, flettar sorg og takksemd seg saman gjennom år med omsorg for barna og forsøk på å bygge livet opp igjen. Til slutt begynner ho på ny å skrive – og forvandlar det verdslege til noko vakkert, det vanlege til noko magisk og smerte til håp.Omsett av Ingvild Holvik.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2025
Format Lydfil
ISBN13 9788234016042
EAN 9788234016042
Omtalt person Patti Smith
Språk Nynorsk
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket