Omtale fra forlaget
Brand 2.0 er ei nyskriven lærebok for vidaregåande skole for programfaget marknadsføring og leiing 2 i studieførebuande utdanningsprogram. Boka er basert på kompetansemåla i læreplan gjeldande frå august 2021. Læreverket består av læreboka Brand 1.0, Brand 2.0 og ein nettressurs som er del av den tverrfaglege Økonomiportalen. Ressursane legg vekt på ei praktisk tilnærming til faget og har ein omfattande omgrepsbase. Boka har eit visuelt uttrykk med figurar som støttar teksten gjennom å illustrere teorien, og legg vekt på å illustrere eit framtidsperspektiv for marknadsføringsfaget. Etter kvart kapittel er det varierte oppgåver og verktøy. Del 1 tek for seg omgivnadene som påverkar marknadsføringsarbeidet, og diskuterer særleg kva berekraftsomsyn og teknologisk utvikling har å seie for faget. I denne delen blir også verdiomgrepet diskutert. Del 2 tek for seg marknadsanalyse og innsikt og gir elevane både konkrete verktøy og øver dei i å tolke svara som kjem fram i analysane. Del 3 inneheld marknadsstrategiske vurderingar og har kapittelvise gjennomgangar av korleis dei fire konkurransemidla produkt, pris, påverknad og plass kan nyttast i marknadsarbeidet. Del 4 dekkjer kompetansemålet om fagleg kreativitet og problemløysing og gjennomgår også praktiske verkemiddel for å løyse designutfordringar.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2025
Format Heftet
ISBN13 9788211032225
EAN 9788211032225
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket