Omtale fra forlaget
I denne boka møter du ein heilt vanleg gut som heiter Per. Han bur omtrent midt i bygda. I eitt av nabohusa har han ein god kompis på sin eigen alder. Ganske ulik han sjølv, men likevel ein god venn, ein han kan halde ilag med.
Per likar ikkje å trene saman med dei store og sterke gutane. Han synest det er for vanskeleg, og det blir så lett utriveleg. Det finst då så mange andre kjekke ting ein kan drive på med! Per synest også det er fint å vere venn med eit par vaksne som han kjenner. Vaksenvennar kallast det. Vaksne han kan snakke med. Og så likar han jenta som bur i det gule huset, ho i den raude genseren ...
Anne H. Borgund kjem frå ein kystkommune i Sogn og Fjordane, er fødd i 1966 og busett på Vestlandet. Ho er utdanna ved høgskulen i Volda. Ho debuterte med barneboka Tuva i 2012.
Forlag Publica
Utgivelsesår 2014
Format Innbundet
ISBN13 9788282513050
EAN 9788282513050
Språk Nynorsk
Sider 100
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket