Omtale fra forlaget
«Så høyrer han det. Den lyden han berre så vidt har ana, no høyrer han lyden tydeleg. Han kjem nærare og nærare. Det er nesten som ein slags pustelyd. Han kjenner kalde ilingar nedetter ryggrada. Birger fomlar etter lykta, skrur ho på og lyser rett mot noko som rører seg mellom stalaktittane!» I Birgers odyssé møter vi Birger, ein gut med mange interesser. Han samlar på mykje: steinar, fossil, gamle bein - og historier.
Han undrar seg over kva som finst i havet, i lufta, på jorda, inni jorda, i isen, under isen. Han undrar seg også over historiene som folk før oss fortalde for å forklare korleis alt hang saman. Spennande historier om fabeldyr og sjømonster. «Fins dei?» undrar Birger. I denne boka er Birger på ei lang reise. Før han og foreldra reiser, finn han tippoldefar Ole si dagbok. Tippoldefaren var med på kvalfangst i Sørishavet. Samtidig med at Birger opplever forskinga og vitskapen om jorda vår og isen i Antarktis på nært hald, og les om tippoldefar Oles opplevingar på kvalfangst, lagar han si eiga bok om sin eigen spennande odyssé i fantasien.
Forlag Olla forl.
Utgivelsesår 2018
Format Innbundet
ISBN13 9788269094121
EAN 9788269094121
Omtalt sted Antarktis
Språk Nynorsk
Sider 48
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket