Omtale fra forlaget
Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga.
Kristne menneske har til alle tider vore ivrige etter å forstå og leva etter Guds ord. Dei les og grundar på Ordet. Dei let Ordet styra liv og oppførsel. Dei finn håp og fred i lovnadene i Guds ord. Salme 119 er svært viktig for alle kristne i denne tida. Denne boka inneheld 176 andaktar, ein for kvart vers i Salme 119. Desse andaktane er tidlause og kan lesast i ditt eige tempo. Dei vil visa at Guds ord er vår rikaste skatt som vil gje oss eit rikt og spennande liv.
Salme 119 er som ein kristen ABC som lærer oss å grunda på skattane i Guds Ord, skattar av lovprising, kjærleik og kraft som viser oss korleis vi kan bruka Guds Ord i kvardagen. Denne salmen er det djupe mysteriet i Skrifta der moralsk disiplin og alle kristelege dydar skin gjennom alt.
Erling Thu er født 1942, på Ganddal, Jæren og er oppvaksen i bede husmiljøet. Han har vore forkynnar sidan 1962. Han leia evangeliseringsarbeidet OUT i Sarons dal, var med å byggja Statfjord A - plattforma i Jåttåvågen, og var hjelpeforstandar i pinsekyrkja Zion, Stavanger før han var med å starta Kristent Fellesskap, Bergen Bibelskole og Kristent Nettverk. Han har skrive meir enn 30 bøker og er omsett til mange språk. Han har vore gift med Solveig sidan 1964 og dei fekk seks barn saman og har ti barnebarn. Dei siste 30 åra har han og kona brukt mykje tid i India, Nepal og Sri Lanka og er begge i aktiv teneste for Herren som pensjonistar
Forlag Ventura
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788283651409
EAN 9788283651409
Språk Nynorsk
Sider 407
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket