Omtale fra forlaget
1960–1980: Ferdinand kjem frå Elfenbeinskysten til Paris, klar for å ta verda med storm og gjere det stort i Europa.1990-talet: I gullalderen for innvandring til Frankrike kjem dei papirlause ivorianske studentane Ossiri og Kassoum til Paris, ein hovudstad der det pågår store politiske og samfunnsmessige endringar.2000-talet: På Sephorabutikken på Champs-Élysées observerer ein ivoriansk vektar vanane til kundane som strøymer til denne høgborga for kapitalisme og forbruk.Betalt for å stå er ein satirisk roman om postkolonialismen og forbrukarsamfunnet sett frå perspektivet til tre generasjonar papirlause innvandrarar frå Elfenbeinskysten som jobbar som vektarar - Ferdinand, Ossiri og Kassoum - i Paris frå 1960-tallet og litt innpå 2010-talet.Romanen er både hysterisk morosam og djupt alvorleg, med skarpe observasjonar frå vektarane som, dag ut og dag inn, står rett opp og ned og dokumenterer kjøpsvanar, kroppsspråk og ikkje minst den kulturelle identiteten til kundane frå fjern og nær som ein vektar er sett til å halde auge med.Betalt for å stå er ein ellevill ordfest med sosial og politisk brodd som gir eit unikt innblikk i konsekvensane av koloniseringa i vestlege forbrukarsamfunn.Boka er oomsett frå fransk av Tove Bakke. Omslagsdesign ved Studio Holberg.
Forlag Camino forlag
Utgivelsesår 2025
Format Slide bound
ISBN13 9788293867524
EAN 9788293867524
Genre Satire
Omtalt tid 1960-1999 2000-2009
Språk Nynorsk
Sider 179
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket