Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ei episk forteljing om den jødiske overklasseguten Judah Ben-Hur, som ved eit uhell forårsakar at famlien blir fengsla og fråtatt eigedomane sine, endar opp som galeislave, og derifrå ved mot, styrke og kløkt, samt ein porsjon heldige omstende, vinn det meste attende.
Boka har undertittelen «A Tale of the Christ». Med mindre eg har oversett eit vesentleg poeng, så er denne undertittelen delvis misvisande. Boka startar rett nok med å fortelje om dei tre vise menn som møtest for å reise til Betlehem, og Jesus dukkar opp att mot slutten av forteljinga, og blir avgjerande for retninga livet til Judah Ben-Hur tek etter korsfestinga. Men i det store og heile så handlar boka ganske lite om Jesus. Vismennene, derimot, dukkar opp i litt større monn.
Boka er heller ei eventyrleg skildring av urett og hevn, svik og kjærleik, elende og rikdom, og i ein samanheng som fell saman med delar av bibelsoga. Eg gjeng ut frå at forfattaren har hatt omfattande kunskap om historie, levesett og natur i midtausten og austlege del av Middelhavet rundt Kristi tid. I alle fall er forteljinga spekka med detaljar og skildringar som virkar overtydande for ein lesar som ikkje er spesialist på området. Og dette var for underteikna kanskje det største plusset ved boka, at ein fekk kjensla av å bli med på ei reise attende i tida og til framande himmelstrok.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketPride is never so loud as when in chains.
Book Third, Chapter III
It is neither wise nor honest to detract from beauty as a quality. There cannot be a refined soul insensible to its influence.
Book Fifth, Chapter III