Båtar i Møre og Romsdal

Band 2 : Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal

av (forfatter).

Fagbokforlaget 2016 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Dette er ei bok om tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Her har sjøen og aktivitetar knytte til den vore viktigaste næringsveg, og knapt noko anna fylke har eit så rikhaldig utval av tradisjonsbåtar.
Denne boka er ein oppfølgjar til boka «Å tenkje geitbåt og byggje ein» (2014), som først og fremst tok for seg geitbåten ut frå prinsippet om at alle mål bor i færingen. Den gåtefulle snidbetningen blir presentert i denne boka. Etter at desse to gamle båttypane geitbåt og snidbetning gjekk ut av produksjon, fekk vi mange nye typar og variantar: lystringar, møringar, flatbotningar, prammar, doryar og fleire slags notbåtar, kravellbygde fiskebåtar og klinkbygde motorbåtar. Dei tre store elvane i fylket hadde dessutan kvar sine elvebåtar. Vi følgjer fire båttypar gjennom heile byggjeprosessen: nordmørslystring, flatbotna pram, beingangar og kravellbygd fiskebåt.
Dei største båtbyggjarbygdene i Møre og Romsdal var Vestnes og Tresfjord. Vi får glimt frå det eventyret i denne boka. Byggjetempoet kunne vere svært høgt på det meste kunne det gå ut båt kvar dag frå dei største båtbyggjeria. Det var i Vestnes at det på slutten av 1800-talet vart i tillegg til dei mindre òg bygd store farkostar for utaskjers fiske. Etter kvart dreidde produksjonen seg mot fartøy og hjelpebåtar for sildefiske. Då sildefisket braut saman, kom sjarktida, med bygging av små motorbåtar etter same prinsipp som for doryar og basbåtar til sildefiskeria. Og då oljealderen sette inn, vart lystbåtar eit viktig produkt. Overgang frå øks til sag var eit viktig sprang i teknologi, og det var òg skiftet frå å byggje i klink til å byggje i kravell. Desse to følgdest åt heilt til plast og aluminium tok over som byggjematerialar i dei siste tiåra av 1900-talet.Boka har med eit kapittel om bygging av stø med vorr. Radikalt nytt stoff kjem også i eit kapittel om testing av to tradisjonsbåtar i Skipsmodelltanken i Trondheim.

«Leseren trekkes inn i en nesten magisk sfære der teksten balanserer mellom å være en lærebok og en veiviser inn i en verden av glemt innsikt og livsvisdom.» - Stein Arne Sæther, Adresseavisen.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 2016

Format Innbundet

ISBN13 9788245020083

EAN 9788245020083

Serie Dei gamle forsto mykje (2)

Språk Nynorsk

Sider 255

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket